Informasjon til foreldre og føresette

 I løpet av året sender vi informasjon til dykk foreldre og føresette på e-post. Denne informasjonen vert samla på denne sida.

S1 Framsidebilde.jpg

E-post sendt 22.03.2024

Kjære foreldre og føresette

Det nærmar seg påske og elevane våre har fått ferie. Første skuledag etter påskeferien er onsdag 3. april. Internata opnar tysdag 2. april kl. 10.00 og første måltid er kveldsmat tysdag.

Nokre hendingar framover:

Laurdag 20. april inviterer vi til foreldredag. Dette er ein skuledag for elevane og vi håpar mange av dykk foreldre og føresette har lyst til å komme. For å få ei oversikt er det flott om de som kjem på besøk melder dykk på her innan 12. april. Du finn også lenke til påmelding nedst på Sygna sine heimesider. Programmet for dagen ser du nedst i denne e-posten.

Så kjem det to langhelger i mai: torsdag 9. mai (Kristi himmelfartsdag) og fredag 10. mai er fridagar. Det same er torsdag 16, mai, fredag 17. mai (sjølvsagt) og måndag 20. mai (2. pinsedag). Internata er opne desse helgane, så dei som ønskjer å vere på Sygna, kan det.

 Laurdag 8. juni er det avslutningsfest for Vg3-elevane. Dei kan ta med seg to gjester kvar – ofte er dette foreldre og føresette. Det kjem eigen informasjon og påmelding til dykk som dette er aktuelt for på eit seinare tidspunkt.

 I ein e-post i januar skreiv eg litt om avslutninga av skuleåret. No nærmar det seg endå meir, så eg gjentek det eg skreiv den gongen:
På skuleruta står det at siste skuledag er fredag 21. juni. På Sygna har vi gitt elevane som er ferdige med eksamen eller som veit at dei ikkje kjem opp til eksamen fri tidlegare, slik at dei som sit og les til eksamen dei siste dagane får ro.

Det vi har fått melding om er at den siste munnlege eksamen i vår vert fredag 14. juni. Vi legg difor opp til at alle elevar skal gå til denne datoen, men at vi ikkje legg opp til undervisning etter denne datoen. Det vil sei at de kan planlegge med at elevane har ferie etter fredag 14. juni.

Så er det eit atterhald: Det kan bli endringar i planen for munnleg eksamen. Det er fylkeskommunen som organiserer den munnlege eksamensplanen – og det er ein svær kabal som skal gå opp. Der kan det kome sjukdom på sensorar osb. som gjer det nødvendig å endre på nokre eksamensparti. Men: dette vil uansett gjelde veldig få elevar – og det vil i tilfelle vere ein endå større grunn til at resten av elevane ikkje er på Sygna dersom nokre få elevar får sitt eksamensparti flytta. Ei slik eventuell endring vil sannsynlegvis kome seint – og er difor vanskeleg å planlegge for.

Med dette atterhaldet kan de altså planlegge for skuleslutt fredag 14. juni.

 Søknadsfristen for komande skuleår var 1. mars, og vi har bra oversikt over søkartala til hausten. Tala er gode og det ser ut til å bli eit relativt stort Vg1-kull neste skuleår. Truleg vert vi fleire elevar totalt på Sygna til hausten enn vi er no. Styret for Sygna har dessutan vedteke at vi skal tilby Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag igjen frå hausten. Det betyr at vi for første gong tilbyr både Vg2 Helsearbeidarfag og Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag komande haust. Viss du kjenner nokon som er aktuelle BU-elevar, så har vi plass til fleire (det er også ledig på andre utdanningsprogram). Då kan dei framleis søke om skuleplass på heimesidene våre.

 Til slutt

Eg ønskjer dykk alle ei velsigna påskehøgtid og minner om det han sa, han som hang på den midtarste krossen: «I dag skal du vera med meg i paradis». Dette gjaldt røvaren som hang på krossen attmed Jesus, og det gjeld for deg og meg.

 

God påske!

 Programmet 20. apil:

 Kl. 09.30:    Frokost

10.30 – 12.00: Temasamling for elevar og føresette - i gymsalen på Sygna
Tema: Medborgarskap
-
Stig Ove Ølmheim - ordførar i Sogndal
- Henning Birger Sagevik - leiar i frivilligsentralen i Balestrand
- Kristine Andersen og Amalie Rasch - misjonsprosjektansvarlege for russen på Sygna

Kl. 12.30 – 14.30:  Misjonsløp på idrettsbana.

Kl. 14.30:  Middag (graut m.m)

Kl. 16.00:                    Vårfest med m.a. andakt, helsing ved rektor, innslag ved elevar og tilsette - i gymsalen på Sygna

Ca. kl. 18.00               Kveldsbuffet

Ca. kl. 19.00:              Basar ved russen - i møtesalen

 

E-post sendt 10.01.2024

Kjære foreldre og føresette

Eg viser til informasjon som vart sendt 3. januar om problema vi hadde med varmen i skulebygget og på fellesbygget. Desse er løyst og varmen er tilbake utanom i peisestova på fellesbygget, der vi framleis har nokre steg å gå.

Eg vil igjen beklage at dette skjedde og samtidig skryte av ungdomane som tok dette på ein fantastisk flott måte. Dette vart nok ei påminning om at det er ein super gjeng de har sendt til oss.

Vedlagt denne e-posten finn de informasjon om gjennomføringa av UngData-undersøkinga. Det er velferdsforskingsinstituttet ved OsloMet som er ansvarlege for undersøkinga i samarbeid med dei sju regionale kompetansesentera innan rusfeltet (KORUS). Det er frivillig for elevane å delta i undersøkinga. Føresette til elevar under 18 år kan reservere ungdomen sin frå å delta. Sjå elles vedlagde informasjon

Denne informasjonen, samt alle e-postane som vert sendt dykk foreldre og føresette ligg dessutan på foreldresida på Sygna si heimeside.

Litt om skuleruta framover (den ligg også på Sygna si heimeside)

-          Elevane avspaserer, som vanleg, siste dag før vinterferien. Det vil sei at fredag 16. februar er det ikkje undervisning og elevar som har lang reiseveg kan bruke denne dagen til reisedag. For internatelevar vert siste måltid før ferien middag torsdag 15. februar. Der vert det lagt til rette for å smørje seg niste som ein kan ha torsdag kveld og eventuelt fredag morgon.

-          Det same gjeld i forkant av påskeferien: elevane har undervisningsfri fredag 22. mars.

-          Laurdag 20. april inviterer vi til foreldredag. Dette er skuledag for elevane. Det kjem eigen invitasjon med program til denne dagen.

-          Så kjem mai, med alle sine raude dagar.
- Onsdag 1. mai er sjølvsagt fridag.
- Torsdag 9. mai er Kristi himmelfartsdag. Elevane har også fri fredag 10. mai, så det vert ei langhelg for elevane.
- Men, det sluttar ikkje der, for i år ligg 17. mai på ein fredag og måndag 20. mai er 2. pinsedag (NB: Her sto det 10. mai i e-posten). Det betyr at dette også vert ei langhelg. Vi har i år lagt inn ein fridag for elevane torsdag 16. mai, slik at dei som har lang veg heim kan få sjansen til å feire 17. mai heime (sjølv om det er veldig kjekt å feire denne dagen her i Balestrand også). Det betyr altså at elevane har fri torsdag 16. – måndag 20. mai.

-          Internatet er ope for dei som ønskjer å vere på Sygna i langhelgene i mai (internatet er stengt i vanlege feriar og i langhelga i november – elles er det ope i andre friperiodar).

-          Vg3 sin avslutningsfest er laurdag 8. juni. Då inviterer vi foreldre og føresette (to pr. elev) til ei skikkeleg markering. Det kjem eigen invitasjon seinare.

Avslutning av skuleåret
Nokre av dykk planlegg langt fram i tid. Eg skriv difor litt om avslutninga av skuleåret og gir ut så mykje informasjon som vi har pr. nå:

På skuleruta står det at siste skuledag er fredag 21. juni. På Sygna har vi gitt elevane som er ferdige med eksamen eller som veit at dei ikkje kjem opp til eksamen fri tidlegare, slik at dei som sit og les til eksamen dei siste dagane får ro.

Det vi har fått melding om er at den siste munnlege eksamen i vår vert fredag 14. juni. Vi legg difor opp til at alle elevar skal gå til denne datoen, men at vi ikkje legg opp til undervisning etter denne datoen. Det vil sei at de kan planlegge med at elevane har ferie etter fredag 14. juni.

Så er det eit atterhald: Det kan bli endringar i planen for munnleg eksamen. Det er fylkeskommunen som organiserer den munnlege eksamensplanen – og det er ein svær kabal som skal gå opp. Der kan det kome sjukdom på sensorar osb. som gjer det nødvendig å endre på nokre eksamensparti. Men: dette vil uansett gjelde veldig få elevar – og det vil i tilfelle vere ein endå større grunn til at resten av elevane ikkje er på Sygna dersom nokre få elevar får sitt eksamensparti flytta. Ei slik eventuell endring vil sannsynlegvis kome seint – og er difor vanskeleg å planlegge for.

Med dette atterhaldet kan de altså planlegge for skuleslutt fredag 14. juni.

Venleg helsing
Frode B

E-post sendt 03.01.2024

Kjære foreldre og føresette

 Godt nyttår!

 Eg håpar de har hatt ein god ferie saman med ungdomane dykkar. For oss er det veldig kjekt å få dei tilbake til Sygna.

 Oppstarten etter nyttår har vore kald. Ute er det minusgrader – og då vi skulle setje sentralvarmeanlegget tilbake til vanleg temperatur etter ferien, fekk vi problem. Utstyret som leverer varme til skulebygget og øko-bygget (fellesbygget) har ein feil som gjer at vi må byte sjølve omnen (elektrokjelen). Dette skjedde tysdag ettermiddag – så vi måtte kaste oss rundt og tenkje alternativt. I løpet av tysdag kveld fekk vi på plass mobile omnar i alle klasserom og i matsalen. Vi vert litt motarbeidde av utetemperaturen, så i nokre av romma slit vi med å løfte temperaturen. Dei fleste romma har likevel ein grei temperatur og sakte, men sikkert stig også temperaturen i dei siste romma.

 Ny elektrokjele er bestilt – og går alt som planlagt er anlegget reparert i løpet av helga, slik at det går som normalt når vi startar opp ny skuleveke.

 Eg beklagar dette og kan forsikre at vi gjer det vi kan for at dette vert ordna så fort som mogleg.

 Internata er ikkje råka av denne feilen.

 Vi gledar oss til ein aktiv januar-månad.
Måndag 8. januar vert det temasamling for alle elevane med Rask psykisk helsehjelp – eit lågterskel-tilbod frå Sogndal kommune. Du kan lese meir om RPH på Sogndal kommune sine heimesider.

Fredag 24. – søndag 26. januar er det besøkshelg for potensielle søkarar. Viss du kjenner nokon som er aktuelle, er det påmelding til besøkskshelga her.

Laurdag 20. januar inviterer russen til revy

Tysdag 30. januar vert det temasamling for alle elevane med organisasjonen Menneskeverd.

Tysdag 30. januar – fredag 2. februar vert det møteveke med Jan Magnus Lillebø

 Vinterferien startar måndag 19. februar, men elevane avspaserer fredag 16. februar og kan bruke denne dagen til reisedag.

 Varme helsingar

Frode B

E-post sendt 17.12.2023

Kjære foreldre og føresette

 

Det er dårleg vèr i Balestrand. Mykje nedbør (snø og regn i kombinasjon) har ført til fleire ras og stengde vegar i og rundt Balestrand. 

Vi er i tett dialog med kommunen. Ut frå denne kommunikasjonen kan eg sei følgjande: 

  1. Elevane som bur på Sygna er trygge

  2. Ein bør ikkje ferdast på vegane eller i terrenget i dag

  3. Dei elevane som pendlar til Sygna held seg heime i morgon, måndag, og jobbar med periodeplanane 

Det kan bli aktuelt med evakuering av innbyggarar i Balestrand. Dei som vert evakuerte skal møte opp på Sygna. Det betyr at internatelevane kan oppleve at det kjem evakuerte til skulen som oppheld seg her. Eventuelt evakuerte vil ikkje bli plasserte i internata, men på skulebygget – eventuelt på fellesbygget (øko). Vi planlegg no korleis vi, saman med kommunen, skal ta imot evakuerte på ein god måte, dersom det vert aktuelt. 

Vidare oppdateringar på situasjonen vert lagt på Sygna sine heimesider. 

Venleg helsing

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 18.10.2023

Kjære foreldre og føresette 

Eg minner om foreldredagen som skal vere på Sygna laurdag 28. oktober (vedlagde invitasjon har vore sendt ut tidlegare). 

Frist for påmelding dersom du ønskjer samtale med kontaktlærar, er fredag 20. oktober. Du kan melde deg på sjølve foreldredagen fram til tysdag 24. oktober, men viss du melder deg på etter fredag, kan vi ikkje love at vi får på plass samtalar med kontaktlærar. Då kan du ev. avtale samtale på eit seinare tidspunkt, på telefon eller teams. 

Velkommen! 

Du kan melde deg på her (lenka er inaktiv no)

Førstkomande søndag – tysdag fyller vi opp skulen med 10.-klassehospitantar. Det gledar vi oss til. I år har over 100 hospitantar meldt seg på, så det er ny rekord med god margin. Det vert litt trongt om plassen i klasseromma måndag og tysdag, så enkelte timar ser vi at vi må lage eigne opplegg for elevane våre, der dei må jobbe andre stader enn i klasseromma.  

Venleg helsing

Frode Bøthun

 

E-post sendt 20.09.2023

Kjære foreldre og føresette

Skuleåret er godt i gang og kvardagen med undervisning, vurderingspunkt og mykje anna kjekt er i full sving. Dei første vekene har vore veldig positive og vi gleder oss over å få lov til å dele kvardagane med ungdomane dykkar.

To dagar i veka har vi leksehjelp om ettermiddagen. Kvar måndag kl. 16.00 – 17.00 er Helge Eilifsen til stades på klasserom 12 på skulebygget. Han kan hjelpe elevar i mange fag, men har særleg kompetanse innan realfag. Kvar tysdag kl. 16.30 arrangerer miljøarbeidarane felles leksesamling i matsalen. Oppfordre gjerne ungdomen din til å bruke desse tilboda – i tillegg til arbeidstimane dei har i løpet av skuledagen.

Torsdag 5. oktober er siste skuledag før haustferien (elevane avspaserer fredag 6. oktober). For elevane som bur i internatet, vert siste måltidet middag torsdag – med moglegheit for å smørje matpakke. Internatet stenger fredag kl. 13.00 og opnar att søndag 15. oktober kl. 10.00

Internatet er stengt i alle feriar (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie). Det er også stengt i langhelga i november (16. – 19. november). Utanom desse periodane er internatet ope i helgar og i fri-periodar (særleg i mai er det typisk ein del langhelgar der nokre av og til lurer på om vi stenger internatet, men det gjeld altså berre for langhelga i november).

I forlenginga av langhelga i november gjennomfører vi Aksjon skuleprosjekt måndag 20. november. Dette svarar til Operasjon Dagsverk, men på Sygna arbeider elevane ein dag for russen sitt misjonsprosjekt. Elevane treng ikkje arbeide akkurat den måndagen, men kan t.d. arbeide ein av dei andre dagane i langhelga og bruke måndagen til reisedag. Elevar som ikkje ønskjer å delta i Aksjon skuleprosjekt møter på skulen og får opplegg tilsvarande ein full skuledag. Elevane i 1HO og 2HA har praksisperiode rett etter langhelga. For desse er alternativ dag for Aksjon skuleprosjekt onsdag 15. november – altså dagen før langhelga. Elevane får meir informasjon om dette – og ei bindande påmelding.

Laurdag 28. oktober inviterer vi til foreldredag. Du kan lese meir om den i den vedlagde invitasjonen. Vi treng å vite kor mange som kjem og kor mange som ønskjer samtale med kontaktlærar. Skjema for påmelding finn du her. Det ligg også lenke til påmelding nedst på heimesida til Sygna.

Vi håpar mange har lyst til å kome og ønskjer velkommen til alle foreldre og føresette.

Venleg helsing

Frode Bøthun
rektor, Sygna vgs

E-post sendt 25.08.2023

Kjære foreldre og føresette 

Takk for besøket sist laurdag. Det var veldig kjekt å treffe dykk og helse på ganske mange av dykk.

Vi er godt i gang med skuleåret og vi synest starten har gått veldig bra. For mange av dei nye elevane er det nok framleis ein del spenning knytt til å byrje på ny skule. Det er difor veldig kjekt å sjå at arrangementa vi har hatt kvar ettermiddag/kveld no den første veka er godt besøkte. Vi held fram med ulike arrangement kvar ettermiddag også den komande veka, så roar vi ned litt etter det. Likevel er det ganske mykje som skjer også på kveldstid utover året, så det er viktig for den enkelte å finne det aktivitetsnivået ho eller han trivst med. Ein kan ikkje få med seg alt…

Undervisinga er også godt i gang. I nokre fag med nye lærebøker er det nokre elevar som ikkje har fått bøkene sine endå. Vi har no bra oversikt og etterbestiller bøker rett over helga.

Rådgjevaren vår, Bjørg Aase er godt i gang med samtalar med alle nye elevar. Ho brukar inneverande, komande og veka etter til slike innleiande samtalar. Dette er ei rutine vi har, der kvar ny elev vert kalla inn til ein samtale. Denne første samtalen er ikkje så lang, men vi opplever at dette er veldig nyttig – ikkje minst fordi elevane vert kjende med Bjørg – og omvendt. Det viser seg at det er lettare å ta kontakt seinare når ein har hatt eit første møte.

Innan utgangen av september kan du som er forelder eller føresett til ein ungdom under 18 år vente deg ein telefon frå kontaktlæraren. Då er det ingen grunn til panikk - dette er meint å vere ein første samtale for å gjere det lettare å ta kontakt ved eit seinare høve.

Kvar haust samlar vi elevane trinnvis og går igjennom dokumentet «Grenser og grenseoverskridande åtferd». Dette er eit viktig tema for oss – ikkje minst som internatskule der mange ungdommar bur tett. Vi ønskjer å gjere ungdommane bevisste på eigne grenser, samtidig som det er viktig å respektere andre sine grenser. Dokumentet vi gjennomgår ligg ved denne e-posten til informasjon.

Sygna har ein plan for det psykososiale miljøet. Utdrag frå denne kan du lese på foreldresida på Sygna si heimeside. Der finn du også varslingsskjema. Bakgrunnen for handlingsplanen er kapittel 9A i opplæringslova som omhandlar elevane sitt skulemiljø.

Av og til dukkar det opp spørsmål om fråvær. Hovudregelen er at eleven får fråvær dersom ho eller han ikkje møter til undervisning. Dersom ein elev er vekke meir enn 10% i eit fag i ein termin, kan ikkje lærar setje karakter. Dersom eleven kan dokumentere fråværet, tel det ikkje på 10%-en. Sjukdom dokumenterer ein ved å ta kontakt med internatleiar som noterer at eleven er sjuk. Når eleven treng dokumentasjon, får ho eller han med seg notatet frå internatleiaren og går til legekontoret i Balestrand, som skriv ut dokumentasjon. Det finst også anna type fråvær som kan dokumenterast – (sjå vedlagde fråværsreglement), men dette er altså ordninga vi har avtala med legekontoret her lokalt når det gjeld dokumentasjon av sjukdom.

Alt fråvær, også dokumentert fråvær, skal førast på vitnemålet. Ein elev kan søke om å få trekke vekk 10 dagar fråvær frå vitnemålet i løpet av eit år (dette gjer eleven i Visma). T.d. kan sjukdom frå og med fjerde dag trekkast vekk (Viss ein elev t.d. vert liggande med influensa i åtte dagar, kan ho eller han søke om å få trekt vekk dei fem siste dagane frå vitnemålet). Her finst det også andre grunnar enn sjukdom som vert godkjent (sjå vedlagde fråværsreglement).

Dersom din ungdom er under 18 år kan du følgje med på fråvær og vurderingar i Visma. Då treng du foreldretilgang, noko vi kan gi deg dersom du fyller ut vedlagde skjema og returnerer til oss. Mange gjorde dette i helga. Vi treng personnummeret ditt for å gi deg slik tilgang. Vurder difor om du ønskjer å returnere skjema på e-post, eller om du vil sende det på anna måte.

Skuleåret har nettopp starta, men ulike feriar og friperiodar er ikkje så veldig langt unna. Du finn skuleruta for året her. Merk at elevane har avspasering fredagen før haust-, vinter- og påskeferien og torsdagen før juleferien. Dette er dagar som vert arbeidde inn i samband med blokkdagane vi har kvar onsdag.

Det kan også vere greitt å merke seg at avslutninga av skuleåret er mindre fast enn det ser ut til i skuleruta. Siste skuledag er 21. juni, men mange av elevane vil få ferie tidlegare – avhengig av kva tid dei er ferdige med eksamen.

Dette vart ein lang e-post med mange opplysningar. Vi prøver å sende slik informasjon ca ein gong i månaden. Innhaldet vert også lagt på Foreldresida på skulen si heimeside.

Til slutt minner eg om at det vert foreldredag laurdag 28. oktober. Då inviterer vi m.a. til foreldresamtalar. Det kjem meir informasjon om program og påmelding på eit seinare tidspunkt, men hald gjerne av denne dagen allereie no. 

Eg ønskjer dykk alle ei god helg.

Venleg helsing

Frode Bøthun

E-post sendt 06.06.2023t

Kjære foreldre og føresette

No er han er – sommaren – og i skrivande stund er det sol, blå himmel, varmt og godt. I gangane på skulebygget er det lett å høyre at stemninga er stigande…

Vi er ferdige med den skriftlege eksamensperioden og står framfor munnleg eksamen. I dag, måndag, har eitt parti i 2HA starta sin tverrfaglege eksamen.

Planen framover er slik:

Tysdag 6. juni er første melding om munnleg eksamen (dette er ei endring frå den opprinnlege planen). Dei som kjem opp tysdag skal ha eksamen torsdag 8. juni.

Onsdag 7. juni er andre melding om munnleg eksamen. Dei som kjem opp onsdag skal ha eksamen fredag 9. juni.

Tysdag 13. juni er tredje, og siste melding om munnleg eksamen. Dei som kjem opp då skal ha eksamen torsdag 15. juni.

Vg1: Dersom nokon i Vg1 skal opp i munnleg eksamen, får dei vite det denne veka (6. eller 7. juni). Det vil sei at Vg1 uansett har sin siste skuledag fredag 9. juni.

Vg2: Dei elevane i Vg2 som har vore oppe til skriftleg eksamen skal ikkje opp i munnleg eksamen og har sin siste skuledag fredag 9. juni. Dei elevane som ikkje har vore oppe til skriftleg eksamen skal opp i munnleg eksamen. Siste skuledag for dei er difor avhengig av kva dag dei kjem opp i eksamen. Dei elevane som skal ha eksamen fredag 9. juni har sin siste skuledag då.
2HA: Dei er oppe i tverrfagleg eksamen og kan kome opp i munnleg eksamen. Dei får også dette avklara denne veka.

Vg3: Alle elevane skal opp i ein munnleg eksamen. Dei som kjem opp 8. eller 9. juni har sin siste dag 9. juni. Dei som skal ha eksamen 15. juni har sin siste dag då.

Skriftleg eksamen har sensur 19., 20. og 21. juni. Resultatet av eksamen vert lagt i Visma (som elevane har tilgang til). Det kan gå eit par dagar før karakteren er synleg i Visma.

Dersom ein ønskjer å klage på karakteren ein får på skriftleg eksamen, er det ordningar for det.

Tysdag 6. juni har vi karaktermøte. Då vert standpunktkarakterane sette. Dersom elevane ønskjer å klage på ein eller fleire standpunktkarakterar er det ordningar for det.

Mange har sikkert fått med seg at det var problem knytt til gjennomføringa av Vg3 sin eksamen i norsk hovudmål. Dette er den eksamen så og sei alle Vg3-elevar i vidaregåande skule skal opp i – samtidig – og problema det er skrive om i media råka også våre elevar. Utdanningsdirektoratet har laga ei eiga ordning for annullering av denne eksamen. I korte trekk er det ein prosess i to trinn:
1. Elevane seier ifrå til skulen at dei ønskjer å få eksamen annullert. Frist 8. juni. Skulen søker då om annullering på vegne av elevane. Vitnemålet får då ein eigen kode der det står at eksamen vart annullert.
2. Når elevane får sensuren kan dei velje om dei ønskjer at karakteren skal stå på vitnemålet eller om dei framleis ønskjer at eksamen skal annullerast. I praksis får dei altså velje dette etter at dei har fått karakteren. Det er i grunnen berre rett og rimeleg slik denne eksamen vart…
Vedlagt finn du informasjonen elevane har fått i samband med denne ordninga.

Det ser ut som sommaren har kome til Sogn – og ferien er like rundt hjørnet. Siste skuledag for alle som ikkje skal opp til munnleg eksamen torsdag 15. juni er altså fredag 9. juni. Vi ønskjer at flest mogleg av internatelevane då reiser heim for å skape ro for dei elevane som skal ha eksamen seinare.

Skuleåret vert avslutta med Årets fest for alle elevar og personale fredag 9. juni. Den er ferdig ca 15.30. For Vg3-elevane vert det avslutningsfest laurdag 10. juni kl. 14.30. Kvar elev kan ta med seg to gjester. Det har vore informert om påmelding til Vg3 sin avslutningsfest tidlegare. Dersom du ikkje har fått meldt deg på, er det flott om du gjer det i dag.

Oppstart til hausten er laurdag 19. august. Elevane som har takka ja til plass neste skuleår og de foreldre har fått tilsendt sommarbrev med informasjon om neste år. Dette brevet ligg også på skulen sine heimesider.

Eg har lyst til å nytte høvet til å takke for i år. Takk for at de har sendt ungdommen dykkar til oss. Det er eit stort privilegium å få jobbe på Sygna og møte alle saman i kvardagen. Takk for alle gode innspel i løpet av året. Vi treng skryt, det er med på å gi luft under vengene, og vi treng å bli betre på mange område. Eg synest vi saman, elevar, personale og de foreldre, har klart å skape eit flott skuleår!

På vegne av alle oss på Sygna ønskjer eg dykk ein god sommar. Mange av dykk kjem igjen som erfarne Sygna-foreldre til hausten. Det er berre til å byrje å glede seg.

 

Venleg helsing
Frode Bøthun

E-post sendt 27. 03.2023

Kjære foreldre og føresette

Laurdag 22. april inviterer vi til foreldredag. Dagen tel som ein skuledag og er obligatorisk for elevane (temasamlinga og misjonsløpet).

Vi trur programmet er veldig bra og håpar dette vert både ein lærerik og kjekk dag.

Vi ber foreldre melde seg på her (nokre har allereie meldt seg på i samband med at vi sende påmeldingslenka også i e-posten som vart sendt i januar. Viss du er usikker, gjer det ingenting om du melder deg på fleire ganger – det ser vi av listene).

Program for dagen

09.30: Frukost
10.30: Temasamling for elevar og føresette i gymsalen på Sygna
            Brynjulf Jung Tjønn kjem og snakkar om rasisme og det å vere adoptert til Norge.
            Utgangspunktet er den siste, kritikarroste og bestseljande boka Kvit, norsk mann

            KDA har utstilling på klasserom 11
12.30: Russen sitt misjonsløp
14.30: Middag (graut m.m.)
16.00: Vårfest i gymsalen på Sygna
18.00: Kveldsbuffet
19.00: Basar v/russen

 

Laurdag 10. juni inviterer vi elevane i Vg3 og foreldre (elevar +2) til avslutningsfest. Meir informasjon og påmelding kjem etter påske.

 

For første gong på tre år vert det eksamenar denne våren. Her følgjer litt informasjon om eksamen:

Vg1: Kan bli trekt ut i skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.
Vg2 HA: Skal opp i tverrfagleg, praktisk eksamen. Kan bli trekt ut i skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk eksamen.
Vg2 ST, KDA og ID: Skal opp i enten skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk eksamen (ein eksamen).
Vg3 ST, KDA og ID: Skal opp i tre skriftlege og ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen (fire eksamenar). Ein av dei skriftlege er norsk hovudmål. Resten av eksamenane vert trekte.
Vg3 PÅ: Skal opp i to skriftlege og ein munnleg eller munnleg-praktisk eksamen (tre eksamenar). Ein av dei skriftlege er norsk hovudmål. Dei to andre eksamenane vert trekte.

Den skriftlege eksamensperioden startar med offentleggjering av trekk (kva fag den enkelte eleven kjem opp i til skriftleg eksamen) 12. mai. Første aktuelle dag for eksamen er fredag 19. mai (norsk sidemål). Så går det slag i slag fram til 2. juni, som er siste dag med skriftleg eksamen. Du kan sjå heile planen for skriftleg eksamen på udir sine heimesider.

Den munnlege eksamensperioden er ikkje så avklara, men den vert i perioden 12. – 20. juni. Vi trur, men kan ikkje garantere, at det ikkje vert eksamenar på Sygna etter fredag 16. juni.

Det er alltid knytt spenning til den munnlege eksamensperioden, for trekket vert gjort offentleg for elevane først 48 timar før sjølve eksamen. Det betyr at i denne perioden vert det meldingar om eksamen om morgonane – og nokre får beskjed om at dei skal opp til eksamen to dagar seinare, medan andre må vente på ny melding dagen etter.

Når den munnlege eksamensperioden startar har skulen oversikt over kva elevar som skal opp til munnleg og munnleg-praktisk eksamen og kven som ikkje skal opp. For at dei elevane som skal opp til munnleg eller munnleg-praktisk eksamen skal få ro til førebuingar gir vi

  • heile klassar som ikkje skal opp til munnleg eksamen (kan vere heile Vg1-klassar) og

  • elevar som er ferdige med eksamen (t.d. Vg2-elevar som har vore oppe til skriftleg eksamen)

fri etter skuledagen fredag 9. juni. Vi ber internatelevar reise heim så fort som mogleg etter denne datoen.

Elevar som har vore oppe til munnleg eksamen, tek sommarferie etter kvart som dei har gjennomført eksamen.

Skuleruta for neste skuleår er vedteken. Vi startar opp att med opningssamling laurdag 19. august. Du finn heile skuleruta her.

Sygna har ledig stilling som lærar i helsearbeidarfag frå hausten. Det kan og bli ledig stilling som skulesekretær. Du kan lese stillingsannonsane her. Del gjerne denne informasjonen med andre.

 

Då ønskjer eg dykk alle ei god veke vidare og ei velsigna god påske: Korset er tomt, graven er tom, Jesus stod opp og han lever.

Venleg helsing

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 27.01.2023

Kjære foreldre og føresette

Vi er godt i gang med det nye året. Andre termin starta 16. januar og all erfaring tilseier at våren kjem fort – og går fort. Førebels er det likevel vinter og i år er den prega av mykje ver med temperatursvingingar og snø og regn om kvarandre. Heldigvis er elevane flinke til å nytte dei moglegheitene snøen gir og så «stålset» dei seg når det regnar.

Vi har fått nokre spørsmål om kva som skal til for at elevar som pendlar til skulen kan få heimeskule når det er dårleg ver. Vår tilnærming til dette er at vi som skule ikkje er dei rette til å vurdere kva tid skulevegen er utrygg. Det er andre og meir kyndige mynde som gjer desse vurderingane og som stenger vegane ved ras eller rasfare. Så lenge vegane er opne og skulebussane går reknar vi difor med at elevane kan kome til skulen.

Elevane er i gang med å søke skuleplass til neste år. Vi går rundt i klassane og hjelper elevane i Vg1 og Vg2 som skal søke vidaregåande. Dei som treng hjelp får dette i klassen eller kan ta kontakt med Bjørg (rådgjevar). Søknadsfristen er 1. mars. For elevar som skal søke seg vidare til høgskule og universitet er fristen 15. april (samordna opptak).

Alle nye elevar som søker seg til Sygna vert inviterte til Bli kjent-helg 17. – 19. mars. 20. og 21. mars inviterer vi 9.-klassingar på hospitering. Dersom du kjenner nokon dette kan vere aktuelt for, så tips gjerne.

Skuleutvalet har vedteke skuleruta for neste skuleår. Ruta ligg ved denne e-posten. Den ligg og på skulen si heimeside.

Laurdag 22. april inviterer vi til foreldredag. Programmet er stort sett klart, men det kan bli mindre endringar. Det vert ei samling med forfattar og Bragepris-vinnar Brynjulf Jung Tjønn (sjå presentasjon lenger nede), russen arrangerer misjonsløp, det vert vårfest med andakt og russen arrangerer truleg basar om kvelden. Programmet er altså litt annleis enn på foreldredagen i haust: Vi legg ikkje opp til organiserte foreldresamtalar på denne samlinga – og så er jo russen sitt misjonsløp med og pregar dagen. Fellessamlingane går føre seg i Sygna sin gymsal (ikkje i Belehalli). Dagen er ein skuledag for elevane og det er samlinga med Brynjulf Jung Tjønn og misjonsløpet som er obligatorisk.

Vi gler oss til å få foreldre på besøk igjen og håpar mange har lyst til å ta turen. De kan meldedykk på foreldredagne her. Lenke til påmelding ligg også nedst på Sygna si heimeside.

Frå måndag 30. januar endrar vi e-postadressene til alle tilsette på Sygna frå __@sygna.vgs.no til __@sygna.no (adressa vert altså litt enklare). Viss du nyttar dei gamle adressene vil dei likevel kome fram, men e-postar frå oss vil altså kome frå ei anna adresse frå og med måndag.

Denne endringa er eit ledd i ei større endring, der også utbygginga av fiber til internata er ein viktig del. Dette arbeidet går framover og elektrikarane er i ferd med å avslutte arbeidet sitt. Det betyr at elevane denne våren får raskare og meir stabilt internett på internata.   

Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune samarbeider om å gi alle elevar i Vg2 tilbod om gratis meningokokk-vaksine (smittsam hjernehinnebetennelse). Elevane våre harfått informasjon om dette og dei har frist til 1. februar til å melde seg på. Vaksinasjonen skjer i februar – etter vinterferien. Det vert gjort eigne avtalar med elevane i 2HA, som er i praksis etter vinterferien.

Grunnarbeidet i samband med tilbygget til Belehalli er godt i gang. Snarvegen mellom internata og Belehalli er no stengt og elevane må gå til hallen via idrettsbana. Dette opplevst forståeleg nok som ein veldig omveg for internatelevane, men det er viktig at dei ikkje brukar snarvegen, då den går igjennom anleggsområdet. Elevane har fått melding om dette.

Straumprisane gir framleis skulen store utfordringar. Vi jobbar med å sjå på ulike langsiktige løysingar for å minske forbruket, særleg med tanke på oppvarming av rom og vatn. Det er likevel eit problem for oss at straumrekningane no er så høge at vi slit med å drive i balanse, noko som utfordrar evna vår til å gjere dei nødvendige investeringane. Straumrekninga i desember 2022 var kr. 427 000,- I desember 2020 var rekninga kr. 90 000,- (300 000,- i desember 2021), så auken er stor. Samtidig som vi jobbar med å sjå kva større investeringar vi må gjere, jobbar vi heile tida med mindre tiltak. Det neste prosjektet no er å skifte dei to store vindauga i skulebygget (i trappeoppgangen og på den eine kortveggen). Dette er originale vindauge frå 50-talet og dei slepper ut mykje varme. Utskiftinga er planlagt gjennomført i vinterferien.   

Så er vi glade for at vi får straumstøtte for internat- og kjøkendrifta. For perioden oktober – desember 2022 reknar vi med å få ca kr. 200 000,- i støtte.

Sogndal kommune har peikt ut Balestrand som staden der dei fleste ukrainske flyktningane som kjem til kommunen vert busette. Kommunen har meldt frå til oss om behov for rom til å drive norskopplæring. Sygna har difor bestemt at vi låner ut eit klasserom der kommunen kan drive norskopplæring. Dette betyr at det i næraste framtid (i løpet av ei veke eller to) vil kome 15-20 ukrainske flyktningar i Sygna-miljøet på dagtid. Det trur vi vert veldig positivt: Vi har erfaring med at elevane våre er veldig flinke til å ta imot nye.

Sygna har for tida to ukrainske flyktningar på språkpraksis – ei jobbar to dagar på kjøkenet og ei jobbar med marknadsføring og følgjer nokre klassar i undervisinga. Det er både spennande og alvorstungt å møte, ansikt til ansikt, menneske som har flykta frå krigen.

Dette året er vi i gang att med utanlandsekskursjonar. I morgon, laurdag, reiser alle dei tre idrettsklassane på treningsleir på Club LaSanta på Lanzarote. I slutten av april planlegg vi utanlandspraksis i Spania for 2HA og ekskursjon til Paris for 2ST og 2KDA. Alle desse ekskursjonane er godt planlagde og vi sender med stødige vaksne. Ver likevel gjerne med og be om at vi vert sparde for uhell og ulukker – og at det vert lærerike og kjekke turar.

Ønskjer dykk alt godt

Venleg helsing

Frode Bøthun

Brynjulf Jung Tjønn er ein norsk forfattar frå Feios i Vik kommune. Han gjekk vidaregåande skule på Sygna. Han har skrive ei rekke romanar, barnebøker, ungdomsbøker og diktsamlingar. I 2013 fekk han Brageprisen for ungdomsboka «Så vakker du er» og i 2021 fekk han P2-lyttarane sin romanpris for «Kvar dag skal vi vere så modige». I 2022 gav han ut diktsamlinga «Kvit, norsk mann» der han skriv om korleis det er å leve som adoptert til Norge. Boka har fått svært gode kritikkar og sel langt betre enn det som er vanleg for lyrikk-bøker.

Vi gler oss til å høyre Brynjulf snakke om denne boka og om tema rasisme på foreldredagen 22. april.

E-post sendt 22.12.2022

Kjære foreldre og føresette

Ein lang juleferie er godt i gang og eg håpar de får god anledning til både kvile og feiring saman med ungdommane dykkar.

Første skuledag etter ferien er tysdag 3. januar. Internata opnar måndag 2. januar kl. 10.00 og første måltid er kvelds måndag. Den er utvida, slika at den varer til kl. 21.00 (det er dette som er den vanlege rutina etter feriar og langhelga i november – at internata opnar kl. 10.00 dagen før første skuledag og at kveldsen er første måltidet).

Andre termin av skuleåret startar måndag 16. januar og karaktermøte for første termin vert 19. januar. Vurderingane vert publiserte i Visma i etterkant av karaktermøte (i beste fall dagen etter – kanskje kan det gå nokre få dagar før dei er klare).

Elevane som går Vg1 og Vg2 Studiespesialisering, Kunst, design og arkitektur og Idrett har fått med seg heim valskjema for programfag for neste skuleår. Desse skal leverast inn att etter jul. For dei som treng litt hjelp i valet, har vi fått laga Programfaglosen. Kanskje kan den hjelpe nokre til å få litt oversikt.

Som ein del av studieveiledninga får elevane i Vg3 ein dag i februar på Høgskulen i Sogndal (som er ein del av Høgskulen på Vestlandet). Dette er eit opplegg dei står for og elevane vert bussa til Sogndal (og tilbake).

Rett før elevane tok ferie starta Sogndal kommune grunnarbeidet i samband med at det skal byggast eit tilbygg til Belehalli. Det nye bygget skal innehalde squash-hall, eit simulatorrom og klubbhus for m.a. idrettslaget. Bygget kjem mellom Belehalli og internat 4. Området er vanskeleg tilgjengeleg for maskiner og bilar, så Sygna har ein avtale med kommunen der dei får tilkomst via Sygna. Dette betyr at det vert noko trafikk gjennom området – og på vegen over internat 1 – 4. I avtalen vi har med kommunen står det at det ikkje skal vere trafikk når elevane går på skulen om morgonen, i lunsj-tida og ved skuleslutt. Det skal elles takast omsyn til at dette er eit område med mange mjuke trafikkantar. I periodar der det vert ein del trafikk kjem vi til å oppmode elevane om å nytte dørene på nedsida av internata. Heile byggeperioden er berekna å vare ca eitt år, men det er nok no i starten, når grunnarbeidet skal gjerast, at trafikken vert størst. Ut over dette er det mest varelevering vi vil merke. I tillegg vil elevane som bur mot byggeplassen merke aktiviteten, men det er ikkje venta å vere mykje sprenging (eller «pigging», som ein kan bli litt sprø av å høyre på), så det trur vi skal gå bra.

Framsida av medaljen er at vi får endå eit tilbod berre eit halvt steinkast frå området vårt og akkurat dette området er i dag berre villnis og småskog, så alt i alt er dette veldig positivt.

Med dette har eg lyst til å takke dykk for det første halve skuleåret. Det er nokre flotte ungdommar de har gitt oss ansvar for og eg håpar både heim og skule er slik at dei kan glede seg både til å vere heime og til å starte opp att tysdag 3. januar.

Eg ønskjer dykk alle ei god jul og helsar dykk med orda frå Johannes 1.5: Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det.

Venleg helsing

Frode B

E-post sendt 18.11.2022

Kjære foreldre og føresette

Vi er midt inne i ein skikkeleg arbeidsperiode for elevane. Nokre er ute i praksis, resten er her på Sygna og jobbar med faga. For nokre er november litt tung – både på grunn av årstida og fordi det er ei travel tid på skulen, men midt i alt er eg imponert over korleis ungdomane taklar travle tider og korleis dei løfter kvarandre. Vi som jobbar her prøver sjølvsagt å bidra positivt til at også denne tida av året skal vere både lærerik og kjekk.

Takk for besøket til alle dykk som kom på foreldredagen den 29. oktober. Det vart ein innhaldsrik og flott dag. I helsinga mi på fellessamlinga nemnde eg at vi har starta jobben med å legge fiber mellom skulebygget og internata. Fram til no har vi hatt veldig godt og stabilt nett på skulebygget. Signala frå skulebygget til internata går no trådlaust – dette legg begrensingar på både fart og stabilitet. Difor legg vi no fiber. Denne veka har elektrikarane trekt fiberen. Det står att noko arbeid for dei, men forhåpentlegvis vert dei ferdige med sin del av jobben i løpet av eit par veker. Så står det att noko arbeid med å skifte nokre punkt i internata, slik at ny løysing nok ikkje er heilt klar før utpå nyåret. Medan arbeidet går føre seg vert nettet på internatet kopla vekk i kortare periodar. Vi trur ikkje dette skal bli eit stort problem, men er sjølvsagt irriterande akkurat når det står på.

I byrjinga av skuleåret informerte vi om korleis elevane skal gå fram for å få dokumentert fråværet sitt. Vi har god dialog til legesenteret her i Balestrand – og i ei evaluering av ordninga er det kome fram eit ønskje om å endre den ordninga som har vore til no. Det er sjølvsagt ikkje ideelt å endre rutinar for ofte, men det er samtidig viktig at vi har ei ordning som fungerer for både elevar, skule og for legane.

Slik vert rutinane framover. 

  1. Elevane melder frå til internatleiar før kl. 08.30 ved sjukdom. (No skal IKKJE elevane lenger ringe legekontoret for å få sjukdom dokumentert i eige journalnotat.)

Når det nærmar seg 10% i eit fag skal følgjande gjerast for å få legeerklæring:

-eleven ber internatleiar om skriftleg stadfesting av sjukefråværet, som tidlegare er meldt inn av eleven

-eleven tar med stadfestinga av fråværet ned på legekontoret

-eleven hentar legeerklæringa og gir den vidare til kontaktlærar

2. Elevar med kronisk sjukdom kan få ein overordna legeerklæring som dekker fråværet frå første dag. Fastlegen til eleven bør skrive denne legeerklæringa.

3. Elevane som pendler til Sygna, bør kontakte sin fastlege på heimstaden for å få legeerklæring.

I løpet av året har vi ulike langhelgar. Langhelga i november er den einaste friperioden utanom feriane der internatet stenger. Det betyr at internata er i drift når vi framover våren får ulike fridagar og friperiodar. I feriane stenger vi altså internata. Siste måltid før feriar er middag den siste skuledagen (som regel torsdag, sidan elevane avspaserer fredag før haust- jule- vinter- og påskeferie). På dette måltidet vert det høve til å smørje matpakke for dei elevane som av ulike grunnar ikkje reiser rett etter at skulen er ferdig. Første måltid etter feriane er kvelds dagen før første skuledag. Desse dagane varer kveldsen frå 19.00 – 21.00. Internata opnar kl. 10.00 dagen før første skuledag etter feriar. Av og til får vi spørsmål om elevar kan komme igjen tidlegare etter feriane. Det opnar vi ikkje for, då vi må ha tilsyn og brannvakt når det er elevar i internatet (så er det ingen regel utan unntak – men vi har ikkje rigga oss for at personale skal vere på vakt i feriane).

Vi er i gang med å lage skulerute for neste skuleår. Denne skal både personale, elevråd og foreldreråd få uttale seg om før skuleutvalet til slutt vedtek den (skuleutvalet har representantar frå personale, elevråd og styret for skulen). Det er difor for tidleg å sei nøyaktig korleis friperiodane ser ut neste skuleår, men vi legg opp til at oppstart til hausten vert laurdag 19. august. Ut over dette tek vi utgangspunkt i Vestland fylkeskommune si skulerute. Vi satsar på å ha vedteke skuleruta på denne sida av jul.

Sogndal kommune planlegg eit tilbygg til Belehalli, like ved internata våre. Tilbygget kjem på den sida av hallen som vender mot Sygna og skal m.a. innehalde eit klubbhus og squash-bane. Vi er i dialog med kommunen og trur dette vert eit positivt tilskot – også for Sygna. Det vil i byggeperioden, som er berekna å vare ca eitt år, merkast at det er aktivitet der – særleg i oppstarten, når grunnarbeidet skal gjennomførast. Oppstart vert truleg i løpet av vinteren.

Med det ønskjer eg dykk ei god helg

Venleg helsing
Frode Bøthun

E-post sendt 26.08.2022

Kjære foreldre og føresette

Vi er godt i gang med skuleåret og vi synest starten har gått veldig bra. For mange av dei nye elevane er det nok framleis ein god del spenning knytt til å byrje på ny skule. Det er difor veldig kjekt å sjå at arrangementa vi har hatt kvar ettermiddag/kveld no dei to første vekene er godt besøkte. Det vert ikkje fullt så mykje organisert aktivitet i vekedagane frå komande veke, men det er likevel mykje som skjer. Difor er det viktig for den enkelte å finne det nivået ho eller han trivst med. Ein kan ikkje få med seg alt…

Undervisinga er også godt i gang. I nokre fag med nye lærebøker er det nokre elevar som ikkje har fått bøkene sine endå, men desse er på veg (dei siste vart bestilte måndag denne veka).

Dette skuleåret er det vanlege fråværsreglar igjen etter to år med annleis reglar. Dette betyr at fråvær grunna sjukdom må dokumenterast av helsevesenet for at det ikkje skal påverke 10%-regelen (meir enn 10% udokumentert fråvær i eit fag gjer at ein ikkje får karakter i faget). Sygna har hatt dialog med legekontoret i Balestrand og saman har vi kome fram til slik rutine (informasjon som elevane har fått):

Dersom du er sjuk på skuledagar må du gi beskjed til internatleiar mellom klokka 08.00 og 08.30 om morgonen. Om du ikkje kontaktar internatleiar kan fråværet ditt verte ført som ugyldig og du får dermed merknad på Visma. For å få gyldig fråvær må du vere sjuk (til dømes feber, influensa, spysjuke, legetime, dokumentert sjukdom osv). Treng du legetime, kan du ringe på legekontoret (tlf.57651300, kl.8.00-15.00) sjølv eller kontakta internatleiar som hjelper deg med det. 

Ved sjukdom som har eit ufarleg forløp (forkjølelse/halsbetennelse t.d) kan du sjølv ringje legekontoret og beskrive symptomene slik at hjelpepersonell kan lage eit journalnotat. Då lagar dei ein "dokumenterbar kontakt". Det bør gjerast fyrste dagen med fråvær. Forventa varigheit av ein ufarlig virusinfeksjon er 2-5 dagar, og om fråværet er innanfor dette, treng du ikkje ta kontakt på nytt, med mindre du vert sjukare. Hvis du får varsel om for høgt fråvær på eit seinare tidspunkt, må du ta kontakt med legekontoret og be om legeerklæring for sjukdomsforløpet som tidlegare er dokumentert hos legen. Du må sjølv hente legeerklæringa på legekontoret og levere den til kontaktlærer.

Tilfelle som litt vondt i magen, vondt i hovudet eller sove dårleg, gir ikkje gyldig fråvær.

Kvar haust samlar vi elevane trinnvis og går igjennom dokumentet «Grenser og grenseoverskridande åtferd». I år skjer dette neste veke og veka etterpå. Dette er eit viktig tema for oss – ikkje minst som internatskule der mange ungdommar bur tett. Vi ønskjer å gjere ungdommane bevisste på eigne grenser, samtidig som det er viktig å respektere andre sine grenser. Dokumentet vi gjennomgår ligg ved denne e-posten til informasjon.

Sygna har ein plan for det psykososiale miljøet. Utdrag frå denne kan du lese på foreldresida på Sygna si heimeside. Der finn du også varslingsskjema. Bakgrunnen for handlingsplanen er kapittel 9A i opplæringslova som omhandlar elevane sitt skulemiljø.

Rådgjevaren vår, Bjørg Aase er godt i gang med samtalar med alle nye elevar. I løpet av komande veke har ho hatt samtale med alle. Dette er ei rutine vi har, der kvar ny elev vert kalla inn til ein samtale. Denne første samtalen er ikkje så lang, men vi opplever at dette er veldig nyttig – ikkje minst fordi elevane vert kjend med Bjørg – og omvendt. Det viser seg at det er lettare å ta kontakt seinare når ein har hatt eit første møte.

I morgon, laurdag 27. august, vert det arrangert ein større festival i Balestrand. Det skal vere konsertar og mykje anna program. Det er selt ca 1000 billettar til festivalen. Som del av dette arrangementet vert Belehalli brukt seint laurdag kveld/natt. Det er venta ca 300 deltakarar til denne delen av arrangementet. Vi har ingen grunn til å tru at dette skal by på problem for Sygna, men samtidig ligg Belehalli såpass tett på internata at vi kjem til å ha ekstra vakthald laurdag/natt til søndag. Dette gjer vi for å sikre at ikkje festivaldeltakarar skal «forville» seg inn på området – eller på internata og for at det skal vere vaksenpersonar tilstade på internatområdet denne natta.

Til slutt minner eg om at det vert foreldredag laurdag 29. oktober. Då inviterer vi m.a. til foreldresamtalar. Det kjem meir informasjon om program og påmelding på eit seinare tidspunkt, men hald gjerne av denne dagen allereie no.  

Eg ønskjer dykk alle ei god helg.

Venleg helsing

Frode Bøthun

E-post sendt 05.08.2022

Kjære elevar, foreldre og føresette

No er det berre ei veke til vi kan ønskje dykk velkomne til skulestart – og vi gleder oss. Laurdag 13. august startar vi opp med innkvartering, samling med klassane og opningssamling.

Programmet for dagen vert slik:

Kl 10.00 – 16.15: Innkvartering internat (innkvarteringa skjer i skulebygget)
Kl 12.00 – 15.00: Skjeldestad Libris frå Sogndal vert her og sel aktuelle bøker og skuleutstyr
Kl 13.00 – 14.00: Middag (graut)
Kl 16.30: Samling med kontaktlærar
Kl 18.00: Opningssamling i Belehalli (idrettshallen like ved Sygna) for alle elevar og familiane deira, med m.a. orientering, presentasjonar, andakt og song.
Kl 19.15: Servering av varmrett i matsalen for alle elevar og familiane deira

Det vert også ulike sosiale tilbod utover kvelden.

Vi minner om at internatbuarar må ta med
• Overmadrass til senga (200x90)
• Sengetøy, dvs. dyne, pute og fleire sett sengeklede. Du bør merke tøyet ditt.
• Vaskemiddel til tøyvask
• Toalettpapir
• Sovepose og liggeunderlag til ekskursjonar og turar
• Sjukeutstyr som plaster, termometer og tablettar, til dømes paracet
• Klede og sko til kortare turar

Vi tilrår også at du tek med følgjande:
• Skittentøykorg
• Bosskorg
• Bordlampe
• Småting til pynt og hygge
• Koppar, tallerkar og bestikk (til bruk på internatet)

Du finn elles meir nyttig informasjon i sommarbrevet, som du fekk tilsendt tidlegare i sommar.

Allereie søndag 14. august reiser alle Vg1-elevane på samanristingstur til Lyngmo ungdomssenter på Hafslo (ca 1,5 timar frå Balestrand). Det trur vi vert ein veldig fin tur med kjekt program. Dei kjem tilbake til Sygna måndag.

Pakkeliste til LyngmoKlede og sko til allslags vêr og til ulike aktivitetar
Sovepose eller sengetøy og laken
Handkle og toalettsaker
Badetøy (viss du vil bade)
Eventuelt pengar til kiosk

For dykk foreldre og føresette som ønskjer å halde dykk oppdaterte på det som skjer på Sygna er det fleire ulike kanalar de kan nytte:

Sygna si heimeside: sygna.no

Sygna si facebookside: sygnavgs

Sygna på Instagram: sygnavgs

På skulen er det og info-skjermar der vi legg ut informasjon som er berekna på elevane og personalet. Viss de er interesserte i skulen sitt «indre liv» kan de laste ned Infoskjermen Go på mobiltelefonen – og legge inn delingskoden BMK6RK. Då har de tilgang til informasjonen vi legg ut på desse skjermane.

For dei fleste av dykk foreldre og føresette er det likevel dykkar ungdom de er aller mest interessert i å følgje med på. Sygna nyttar Visma InSchool som skuleadministrativt system. Der vert m.a. timeplan, vurderingar, karakterar, fråvær og merknadar lagt inn. Eventuelle varselbrev om høgt fråvær, manglande karaktergrunnlag, nedsett ordenskarakter eller nedsett åtferdskarakter vert ikkje sendt i post, men lagt i Visma.

Viss ungdomen din er under 18 år, kan du som forelder få tilgang til denne informasjonen. Innlogginga i Visma InSchool brukar BankID/MIN ID og er knytt til personnummeret ditt. For at vi skal kunne registrere deg, treng vi fullt namn og personnummeret ditt. Vedlagt finn du skjema du kan fylle ut og levere til skulen. Du kan t.d. levere skjema i samband med innsjekkinga på opningslaurdagen (fordi vi er friskule har vi ikkje tilgang til personnummeret til elevane sine foreldre/føresette og må difor hente dei inn på denne måten. Du kan og få skjema på opningslaurdagen.). Viss du hadde elev på Sygna i fjor – og leverte skjema då, treng du ikkje gjere dette på nytt no.

PS: Fleire av dykk er sikkert vande med å bruke Visma sin app «MinSkole» når de har hatt born i ungdomsskulen. Det finst diverre ikkje noko app for vidaregåande skule endå, så ein må gå inn via ein nettlesar. Dette fungerer fint, men ein får ikkje varsel når det vert lagt inn ny informasjon, så ein må sjølv gå inn og sjekke med jamne mellomrom dersom ein ønskjer å følgje med.

Vi håpar og trur på ei flott opningshelg og eit godt skuleår med mykje læring, masse moro og mange nye venskap. Vi gleder oss til å ta imot deg og håpar du også gleder deg til eit nytt skuleår. Til deg som er ny i år – eller til deg som er forelder til ein som startar på Sygna for første gong: Sommarfuglane i magen er heilt naturlege – og du er ikkje åleine om du synest dette er litt skummelt. Det vert mange anledningar til å bli kjent med nye. Dei to første vekene vert det ekstra mykje program om ettermiddagane slik at det vert enklare å bli kjend med nye. Saman skal vi gjere vårt beste for at både oppstarten og skuleåret skal bli kjempebra!

Velkomne til Sygna.

Venleg helsing
Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 10.05.2022

Kjære foreldre og føresette

Vi går inn i avslutninga av skuleåret og våren har gjort sitt inntog i Balestrand.

Vi minner om at det er avslutningsfest for Vg3 laurdag 11. juni. Det trur vi vert ei veldig kjekk samling – kvar elev kan ta med to gjester. Viss du ikkje har fått meldt deg på, kan du gjere dette her.

Det er innhaldsrike dagar på Sygna – og det skjer veldig mykje kjekt. Ofte må vi som jobbar her stoppe opp og fryde oss over dei flotte elevane våre – dykkar ungdommar - og alt dei bidreg med i miljøet. Eg skriv ikkje så mykje konkret om dette i desse e-postane, men det er mykje å glede seg over.

Så skjer det også ting som er vanskelege. Ved to anledningar har vi hatt besøk av uvedkomande i internata den siste tida. Det har nok skjedd tidlegare at folk som ikkje høyrer til på Sygna forvillar seg inn på området, men denne gongen er det meir alvorleg. Ved eitt tilfelle har ein person kome heilt inn på eit rom nattetid, medan eleven låg og sov. Vedkomande kom med uanstendige forslag – men forlot etter kvart rommet då eleven tydeleg gav beskjed om dette. Dette er ei så skremmande oppleving at det set djupe spor.

Hendinga er meldt til politiet – og dei etterforskar saka. Skulen bidreg med det vi har av informasjon.

I ein periode nå har vi hatt auka vakt på sein kveldstid og nattetid – men ikkje kvar natt. Dette vil vi utvide til å gjelde kvar natt framover, då det er avgjerande at elevane opplever det trygt i internatet. Nokre netter er det tilsyn som går utover natta, andre netter overtek andre i personalet vakta når tilsyn har gått låserunden.

Vi har oppmoda elevane om å halde dørane låste om natta. Ver gjerne med og minn din ungdom om dette. Vi låser ytterdørene på internata – og kjem til å sjekke desse utover nettene framover.

Viss du oppfattar at din ungdom er utrygg – og at ho eller han ikkje har formidla dette til oss, gi oss gjerne beskjed. Sei gjerne ifrå også om du oppfattar at det er informasjon rundt denne situasjonen som ikkje har nådd fram til oss.

Venleg helsing

Frode Bøthun

E-post sendt 01.04.2022

Kjære foreldre og føresette

Avslutning av skuleåret

For tredje året på rad går vi mot ein vår utan eksamenar. Det er mange meiningar om dette, men det skapar rom for meir undervisning i slutten av mai og byrjinga av  juni – noko som er flott.

Vg3 sin avslutningsfest vert laurdag 11. juni kl. 14.30. Då er alle Vg3-elevar inviterte – og kvar elev kan ta med seg to gjester. Vi håpar så mange foreldre/føresette som mogleg vert med denne dagen. Det vert god mat og kjekt program. Dette er eit fint høve til å kle seg pent og gjere stas på avgangselevane.

Påmelding til avslutningsfesten finn du her. (Lenka ligg og på heimesida)

Siste skuledag for alle elevar vert fredag 10. juni. Vi kjem tilbake med meir praktisk informasjon rundt avslutning og avreise (for dei som bur i internatet), men då kan de planlegge med at elevane har sommarferie etter 10. juni.

Litt om neste skuleår

Styret har vedteke at vi startar opp att Vg2 Helsearbeidarfag hausten 2022. Dette er eit tilbod vi har godkjenning for og som vi ønskjer å tilby på Sygna. Inneverande år var søknaden låg til dette tilbodet slik at det ikkje vart starta opp, men søknaden til komande skuleår er god.

For Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag er det omvendt. Dette tilbyr vi inneverande år, men for komande skuleår er søknaden låg, slik at vi ikkje opprettar klasse komande haust.

Målet vårt er å opprette klassar i både Vg2 BU og Vg2 HA, så i åra framover håpar vi på mange søkarar til begge tilboda.

Frå hausten gjer vi ei endring i betalinga for lunsjen. Vi ønskjer at både internatbuarar, heimebuarar og hybelbuarar skal få tilbod om lunsj i skulekvardagen. Fram til no har dette vore ordna ved at dette ligg inne i kostpengane for internatbuarar, medan hybel- og heimebuarar kan betale ein månadleg sum for å ete lunsj i matsalen (kr. 570,-). Regelverket for oss som friskule hindrar oss i å selje mat. Dette gjer at praksisen med at heime- og hybelbuarar kjøper mat er ulovleg. Måten å løyse dette på er å legge kostnaden for lunsjen inn i skulepengane. Vi har lov til å servere lunsj også til heime- og hybelbuarar dersom betalinga ligg inne som ein del av skulepengane. For å halde på moglegheita for heime- og hybelbuarar til å ete lunsj i matsalen aukar difor skulepengane frå hausten med kr. 220,- pr. mnd. meir enn vanleg prisauke. Kva konsekvensar får dette for den enkelte?

For internatbuarar betyr det ingenting. Skulepengane aukar med kr. 220,- pr. mnd, men internatpengane vert redusert tilsvarande.

For heime- og hybelbuarar som no betalar for å ete lunsj i matsalen, går prisen for lunsj ned frå kr. 570,- pr. mnd. til kr. 220,- pr. mnd. Denne kostnaden vert lagt inn som del av skulepengane og kjem ikkje som ei eiga linje i fakturaen.

For heime- og hybelbuarar som til no ikkje har betalt for å ete i matsalen, vert det ein reell auke i kostnaden på kr. 220,- pr. mnd. Samtidig kan desse også ete lunsj i matsalen.

Grunnen til at vi aukar skulepengane med kr. 220,- pr. mnd. og ikkje med kr. 570,- (som er summen heime- og hybelbuarar betalar i dag) er at vi med denne endringa nærmar oss grensa for kor høge skulepengane kan vere. Vi har alltid ønskt å ligge godt under denne grensa, men ved å legge lunsjen inn i skulepengane nærmar vi oss altså denne grensa. Samla sett trur vi likevel dette er rett å gjere, då det verkar urimeleg at berre internatbuarar skal få tilbod om lunsj når vi har fullt bemanna kjøkken som kan lage mat til elevane.

Det er mange forskjellige faktorar som er med på å skape trivsel på skulen og i internata. Ein viktig faktor er eit godt fungerande data-nettverk, der både stabilitet og fart spelar viktige roller. Krava til nettverket aukar stadig, då tal einingar pr. elev aukar (pc-ar, mobiltelefonar, spel-konsollar osb), samtidig som det som vert streama og lasta ned får stadig betre kvalitet og krev meir kapasitet.

Sygna har ei veldig god linje inn til skulen. Slik det fungerer no, vert nettverket fordelt frå skulebygget og ut til internata og fellesbygget (økobygget) trådlaust. Sjølv om vi stadig gjer forbetringar, ser vi at det er dette leddet som må forbetrast dersom stabilitet og fart skal betrast på internatet og i fellesbygget. Difor planlegg vi å legge kabel frå skulebygget ut til internata. Dette arbeidet er planlagt gjennomført i løpet av våren – eller tidleg haust. Samtidig vil vi skifte alle aksess-punkt/sendarar på internata og i fellesbygget. Desse vil vere av høgare kvalitet enn dagens punkt og sikre betre stabilitet og fart. Desse punkta er bestilte, men det er lang leveringstid, så vi fryktar at det framleis kan gå nokre månader før vi får dei på plass (skuldast både pandemi og generell lang leveringstid i ei uroleg verd). Vi trur altså at nettverket vårt skal få ei skikkeleg kvalitetsheving i løpet av dei komande månadane.

Med ønskje om ei god helg

Frode Bøthun

E-post sendt 11.03.2022

Kjære foreldre og føresette

Vi gledar oss til foreldredag laurdag 19. mars. Då er foreldre og føresette inviterte. For å få litt oversikt over kor mange som kjem, er vi glade dersom de melder dykk på her innan måndag 14. mars.

Program for dagen:

09.30:   Frokost
10.30:   Temasamling for elevar og føresette i Belehallen
              Tema: Bærekraftig utvikling: Kva kan vi gjere med ei verd som er i ferd med å «gå av hengslene»
               v/ Jørn Lemvik, tidlegare generalsekretær i Digni

12.30:    Russen sitt misjonsløp
14.30:   Middag (graut m.m)
16.00:   Vårfest i Belehallen
18.00:   Kveldsbuffet
19.00:    Basar v/russen

Det er ikkje lagt opp til organiserte samtalar med lærarar til denne samlinga, så dersom ein ønskjer slike samtalar, tek ein kontakt direkte med lærar.

Vi opplever at vi dei to siste åra har vore ganske heldige her på Sygna med tanke på alle problema folk rundt om i landet og i verda har hatt knytt til pandemien. Midt i alle nedstengingar og smittetoppar rundt omkring, har vi kunne drive skule mesteparten av tida. Sjølv om vi har måtta ta omsyn til smittevern, har vi også fått gjennomføre mange av dei vanlege aktivitetane på ettermiddagstid og i helgar. No, etter gjenopninga, opplever vi, som mange andre, at det er ein god del smitte og lettare sjukdom, både blant elevar og personale. Enkelte dagar er det slik at vi ikkje klarer å dekke alle vikarbehov i nokre av timane. Vi prøver å dekke inn så godt det let seg gjere og trur at det verste trykket legg seg snart.

I samband med krigen i Ukraina har det vore ein del merksemd om beredskapen i kommunane generelt og om tilgangen til jod-tablettar spesielt. Vi har god dialog til Sogndal kommune. Dei har m.a. stadfesta at våre elevar vil få jod-tablettar frå lager i Balestrand dersom dette vert nødvendig. Sygna har difor ikkje eige lager av slike tablettar.

Elevane i Vg2 har fått tilbod om å registrere seg for vaksinasjon mot menigokokk/smittsam hjernehinnebetennelse. Dette er eit tilbod som Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune gir til alle elevar i Vg2. Sjølve vaksinasjonen vil ta til i veke 12. Kanskje vert nokre klassar vaksinerte etter påskeferien. De kan lese meir om dette her.

Denne helga er det Vision her på Sygna. Dette er ein mini-festival som Misjonssambandet Ung står bak og inneheld møte, seminar, sosiale aktivitetar og mykje moro. Det første møtet var i går, torsdag, og det var fullsett gymsal. Vi har tru på at dette vert ei kjekk helg med god forkynning, flott musikk og mykje moro.

God helg frå Sygna!

Venleg helsing
Frode Bøthun

E-post sendt 14.02.2022

Kjære foreldre og føresette

 Laurdag 19. mars inviterer vi til foreldredag på Sygna. Då håpar vi mange har lyst til å bli med oss på vårfest, russen sitt misjonsløp og foredrag av tidlegare generalsekretær i Digni, Jørn Lemvik. Du finn meir informasjon om dagen i invitasjonen som ligg ved denne e-posten.

For å få oversikt over kor mange som ønskjer mat denne dagen, ber vi om at de melder dykk på her innan måndag 14. marsDenne lenka finn de også nedst på heimesida til Sygna.

Regjeringa har bestemt at dei aller fleste tiltaka i samband med pandemien no skal avsluttast. I korte trekk betyr dette at skulen er tilbake i vanleg drift, nesten utan tiltak. Elevar bør vere heime/på rommet dersom dei har «nyoppståtte luftveissymptom» og bli heime/på rommet til dei føler seg friske og har vore feberfrie i 24 timar - men kan gå på skulen dersom dei har «kun lette forkjølelsessynptom». De kan lese meir om gjeldande reglar her.

På Sygna er det slik ved all sjukdom at internatelevar som er for sjuke til å gå på skulen skal halde seg på rommet også om ettermiddagen.

Regjeringa har også bestemt at alle eksamenar i vidaregåande skule er avlyste denne våren. Det er særleg tre forhold som har vore viktige i regjeringa si vurdering: Likebehandling av elevane, omsynet til rettferdig sluttvurdering og omsynet til elevane sin motivasjon, trivsel og læring. De kan lese meir om dette her.

Dette betyr at ingen skal opp i skriftlege, munnleg-praktiske eller munnlege eksamenar våren 2022. Vi kjem tilbake til kva dette betyr for avslutninga av skuleåret.

Valdshendinga eg skreiv om i førre e-post har påverka elevane våre og skulen den siste tida.
For dei fleste elevane er dette tilbakelagt. For nokre av dei som som var tettare på hendinga gjenstår framleis noko bearbeiding. Desse elevane vert følgt opp.

No står vinterferien for tur - torsdag er siste dag med undervisning før ferien. Internata stenger fredag kl. 13.00 og opnar igjen søndag 27. februar kl. 10.00.

Venleg helsing

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 28.01.2022

Kjære foreldre og føresette

Vi er straks på veg ut av januar – erfaringsmessig den tyngste månaden i skuleåret. Dagane vert sakte lenger og lysare – det gjer veldig godt.

Denne januarmånaden vart ekstra tung for fleire av elevane våre og for skulen generelt, då vi opplevde ei valdshending med elevar frå Sygna involverte. Denne har vi jobba mykje med i etterkant, og framleis står det att ein del arbeid før vi kan sei at vi har kome dit vi ønskjer. Elevane har veldig ulikt forhold til hendinga – nokre er direkte involverte, nokre står nær dei som er involverte, medan andre har eit meir distansert forhold til det som skjedde. I alt som vi jobbar med no handlar det om at elevane våre skal ha det trygt og godt på skulen. Vi går steg for steg for at alle elevane våre skal oppleve dette – vi er ikkje i mål, men det går framover. Samtidig er det mange som har spørsmål – og mange av desse kan vi ikkje svare på - av ulike grunnar. Eg har likevel lyst å sei at vi har god tru på at vi som skule skal kome igjennom dette og at elevane våre skal få ein god vår på Sygna med mykje læring og glede – i eit trygt og godt miljø. Eg vil og få takke for mange gode meldingar desse dagane. Det er mange som tenkjer på og ber for elevane og skulen – det set vi stor pris på!

Vi jobbar med å nytte fleire og fleire av funksjonane i det skuleadministrative systemet vi brukar; Visma. Frå andre termin (starta 17. januar) vert varselbrev om høgt fråvær, manglande karaktergrunnlag, fare for nedsett ordenskarakter og fare for nedsett åtferdskarakter sendt til elevane via Visma. Elevane får altså ikkje desse breva på papir. Foreldre som har bedt om å få tilgang til Visma for sin ungdom vil og få desse varsla der. Foreldre som ikkje har slik tilgang, vil framleis få varsla i brev.

Vi er fornøgde med Visma, men foreldretilgangen er tungvint. For at du som forelder skal få tilgang til informasjonen som gjeld din elev, må du fylle ut eit skjema som inneheld m.a. personnummer. Egentleg legg Visma opp til at vi kan hente inn denne informasjonen via folkeregisteret, men fordi vi er ein friskule, har vi ikkje lov til dette. Lovverket forpliktar oss til å ha samarbeid med heimane, men vi har ikkje rett til å vite kven foreldra er. Dette er eit paradoks, og i denne samanhengen betyr det altså at vi må innhente personnummer på ein tungvint måte.  Frå komande haust kjem vi til å legge til rette for at de kan gi oss den nødvendige informasjonen allereie opningshelga, slik at de får tilgang frå starten av skuleåret.

Dersom du ikkje allereie har foreldretilgang i Visma – men ønskjer å få det – kan du fylle ut skjema som du finn på foreldresida på Sygna si heimeside. Det er også mogleg å sende dette på e-post til sygna@sygna.vgs.no, men sidan vi spør om personnummer er det forståeleg om du ikkje ønskjer dette.

Dette året har vi hatt som mål å få gjennomført Vg2 sine utanlandsekskursjonar. Situasjonen er annleis i år enn i fjor (då vart ekskursjonane avlyste) – likevel er forholda i ulike land rundt karantenar, restriksjonar og krav til vaksinasjon såpass i endring at vi vel å utsetje dei fleste ekskursjonane. 2ST og 2KDA sin ekskursjon vert flytta til hausten – og vi legg den til ca siste veka før haustferien. 2ID flyttar vi til januar 2023. Truleg reiser då alle neste års idrettsklassar saman på treningsleir i januar. 2BU sin ekskursjon er litt annleis – ekskursjonen er ein del av praksisen deira – og det er i praksis ikkje mogleg å utsetje denne ekskursjonen til neste skuleår. Difor satsar vi framleis på å gjennomføre denne i forkant av påskeferien. Viss det ikkje går, vert den avlyst.  

Vintermånadane er flotte – og opnar for mykje kjekk aktivitet. Men, dei er også mørke – og forholdsvis kalde. Mange har merka dette på straumrekninga. Det har også Sygna. Desemberrekninga i 2021 kom på 362 000 kroner, mot 89 900 kroner i desember 2020. For 2022 vert også tilskota reduserte. Dette gjer at vi har mykje fokus på straumsparing – det er lite som tyder på at straumprisane kjem ned att på 2020-nivå.

Laurdag 19. mars inviterer vi til foreldredag – der m.a. russen sitt misjonsløp skal avviklast. Det kjem meir informasjon om programmet i ein seinare e-post og vi håpar mange set av denne dagen til eit besøk.

Med ønskje om ei god helg

Frode Bøthun

E-post sendt 14.12.2021

Kjære foreldre og føresette 

Det nærmar seg juleferie for elevane våre. Torsdag 16. desember er siste skuledag – fredagen avspaserer dei. For dei av dykk som har elevane i internatet, skal de snart få dei heim. For alle elevane gjeld det at dei skal få ein pust i bakken – dei fortener det! 

Elevane som går studieførebuande utdanningsprogram (ST, KDA eller ID) får med seg heim skjema for val av programfag for neste skuleår. Skjema leverer eleven etter jul, men kanskje kan ferien vere eit fint høve å tenkje saman med eleven på kva fag ein skal satse på til neste skuleår. Vi har laga ei lita hjelp Programfaglosen som viser kva alternativ elevane har – som kan nyttast dersom de ønskjer det. Denne finn du og på foreldresida på heimesida til skulen.

I går, måndag 13. desember informerte regjeringa om at det vert innført raudt nivå på vidaregåande skular i fire veker, frå torsdag 16. desember. Det betyr at det vert ei ny runde med strengare tiltak på skulen og i internata, frå siste skuledag før jul – og dei første to vekene etter jul (til torsdag 13. januar). Sjå vedlegg.

Nokre av dykk har allereie teke kontakt med innspel om at vi bør stenge skulen og innføre digital heimeundervisning dei første vekene etter jul. Dette kan bli aktuelt – men ikkje før vi får råd eller pålegg om dette frå sentrale eller lokale styresmakter. Vi har gjennom heile pandemien følgt sentrale råd og reglar og fått god hjelp til å tolke og følgje dei opp frå lokal smittevernlege. Denne strategien held vi fram med.

Likevel rår vi elevane til å ta med seg skulebøker og PC heim til jul. Dette for å sikre at vi kan drive undervisning dersom tiltaka vert endå strengare (heimeskule) – eller dersom nokon vert sitjande i karantene eller isolasjon akkurat i oppstarten etter jul.

Vi ventar på tydelege signal mtp. ev. testing i forkant av oppstarten etter jul. Generelt kan vi allereie no seie at ein ikkje bør kome tilbake til skulen dersom ein har symptom. Det er flott om ein kan teste seg før ein kjem tilbake, men pr. no er ikkje dette eit krav.

Skulen startar etter planen opp att måndag 3. januar. Internata opnar søndag 2. januar kl. 10.00. Første måltid etter jul er kveldsmat søndag 2. januar.

Dersom vi får ny informasjon i løpet av juleferien, formidlar vi denne til elevane på Teams. 

Midt i alt – gleda over å få arbeide med ungdommane dykkar er stor, ja eit privilegium. De sender det flottaste de har til oss og vi får lov til å bruke tida vår samen med dei. Takk igjen for tilliten!

Eg ønskjer dykk alle ei velsigna god julehøgtid og helsar dykk med orda frå 2. Kor, 9,15: Gud vere takk for si useielege gåve!

 

Venleg helsing
Frode Bøthun

E-post sendt 08.12.2021

Grønt nivå

Tysdag 7. desember informerte regjeringa om at trafikklysmodellen vert gjeninført i skulane – og at vi er på grønt nivå. Skulane har tida fram til måndag 13. desember til å innføre tiltaka, men vi innfører dei allereie onsdag 8. desember.

Tiltak på grønt nivå (jf. smittevernveilledaren)

1.       Ingen sjuke skal møte på skulen

2.       Vi må sørge for god hygiene og normalt reinhald
- Host/nys i papir eller i armkroken
- Vask/sprit hendene når du kjem til skulen, før måltid, etter toalettbesøk, ved synleg skitne hender og etter kontakt med kroppsvesker (t.d. etter å ha pussa nasen)

3.       Kontaktreduserande tiltak
- Unngå fysisk kontakt mellom personar (håndhelsing og klemming)
- Vanleg organisering av klassar/grupper i skulekvardagen
- For tilsette: Hald avstand til andre tilsette (gjeld dei som ikkje er beskytta (t.d. vaksinerte))

Internatet (jf. smittevernveiledaren)

Ved grønt nivå er det ikkje nødvendig med ytterlegare tiltak enn at sjuke personar skal halde seg heime/på eige rom og at god hånd- og hostehygiene vert oppretthalde. Elevar og tilsette med luftvegssymptom må ikkje gå på skulen eller oppholde seg i felles opphaldsrom.

Merk: For elevar og tilsette som vert identifiserte som nærkontaktar til smitta, kan testing normalt erstatte karantene.

I den konkrete situasjonen vi er i no:

-          Vi avlyser morgonsamlingane fredag 10. og tysdag 14. desember. Desse samlingane er utfordrande mtp å hindre fysisk kontakt.

-          Julefesten vert gjennomført som planlagt, men justert slik at den vert i samsvar med råda for arrangement (sjølv om dette etter smittevernlova er skule).

Elles:

Vi har sett i gang testing av ein klasse og eit internat pluss nokre nærkontaktar etter at vi fekk positivt utslag på ein hurtigtest tysdag. Første testrunde vart gjennomført i går, tysdag. Den smitta eleven er i isolasjon. Det vert testing kvar dag til og med fredag.

Vi må nok rekne med at det dukkar opp litt smitte av og til. Vi får veldig god hjelp til å handtere dette - m.a. har vi veldig god tilgang på hurtigtestar og vi har bra rutinar for å teste mange kjapt. Elevane våre er veldig flinke til å møte til testing. Dette er heilt avgjerande for å ha kontroll når det dukkar opp smitte. Det at vi kan teste mange over fleire dagar gjer at vi kan drive skulen og internatet omlag som vanleg, sjølv om det dukkar opp enkelte positive testar.

Ingenting tyder på at elevar som er blitt smitta har oppført seg annleis enn dei bør. Tvert imot har alle gjort akkurat som dei skal - noko som til no har ført til at smitten har vorte oppdaga raskt - og vi har kunna setje i gang isolasjon og testing. Elevane våre er ein viktig årsak til at dette fungerer så bra.

Med elevar som bidreg positivt, rutinar her på skulen som fungerer, god hjelp frå lokalt legekontor og tett kontakt med smittevernlegen ligg det til rette for at vi skal kunne drive undervisning og sosialpedagogisk arbeid også framover. Så er vi førebudde på at ting kan endre seg. M.a varslar regjeringa at det kan bli aktuelt å innføre gult nivå på skulane. Då har vi planane liggande frå tidlegare, så det skal gå bra, sjølv om restriksjonane for elevane då vert litt strengare enn no.

Vi håpar og trur ungdommane dykkar skal få ein trygg og god skulekvardag også dei siste dagane før jul.


PS: Det kjem ein ny e-post i neste veke med litt meir informasjon om andre saker enn korona.


Venleg helsing
Frode Bøthun

E-post sendt 03.12.2021

Kjære foreldre og føresette

Dette er ei kort oppdatering av situasjonen på Sygna og i Balestrand i samband med koronasmitten som har vore her.

Det er p.t. ingen elevar som har påvist smitte på Sygna. Dette er vi sjølvsagt glade for. Det er stadig elevar som vert testa p.g.a. ulike symptom, men denne veka har ingen testar vore positive.

I Balestrand har det vore utbrot og det har vore ein del positive testar, men tala er veldig låge onsdag og torsdag. Dette kan tyde på at utbrotet er på veg tilbake – men vi følgjer utviklinga. Kommunen har ikkje eigne tiltak no, men følgjer dei nasjonale råda.

Vi har nokre tilsette som har vore heime frå jobb denne veka grunna smitte. Dette har påverka noko av undervisinga. Med mindre det kjem nye positive testar, vil situasjonen normalisere seg komande veke.

Alt i alt har det gått bra på Sygna – trass i fleire smitta rundt oss.

Med ønskje om ei god helg.

Venleg helsing
Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 26.11.2021

Oppdatering – smitte i Balestrand

Kjære foreldre og føresette

Som vi informerte om onsdag er det eit smitteutbrot i Balestrand. Det er framleis eit utbrot – og det er også smitte i resten av Sogndal kommune.

For Sygna sin del er det til saman fire elevar som har fått påvist smitte. Desse er i isolasjon. To av elevane bur i internatet. Det betyr at vi har ein situasjon som er under kontroll - smitten har ikkje spreidd seg meir enn ein kan forvente.

Etter råd frå smittevernlegen vert nærkontaktar testa med hurtigtest (tysdag kveld, torsdag morgon og i dag tidleg). Sidan det vart oppdaga smitte onsdag (to) og fredag (ein), vert det og testing av nærkontaktar måndag og tysdag morgon komande veke. I helga vert det testing av elevar som ev. har symptom.

Slik situasjonen er no kan elevar og tilsette møte på skulen som vanleg, med mindre dei får påvist smitte, er sjuke eller har symptom.

Nokre tilsette er nærkontaktar til smitta i Balestrand. Desse følgjer råda og pålegga frå kommunen. Det betyr at nokre få timar med undervisning kan falle ut eller bli gjennomført av vikarar.

Mange av dykk bur langt unna Balestrand og nokre vert kanskje urolege av situasjonen. På skulen er det enkelttilfelle av smitte – ikkje eit utbort. Vi følgjer reglane og råda vi får frå smittevernlegen og han er tydeleg på at det er testing av nærkontaktar som er strategien no. Vi har ikkje oversikt over kor mange elevar som har fått vaksine, men det er grunn til å tru at veldig mange er vaksinerte med ei eller to dosar og at dette avgrensar spreiinga av smitte.

Dersom de som foreldre skal oppfordre dykkar ungdommar til noko – så er det å følgje dei generelle råda om å vaske hender, hoste i armhola og å halde seg i ro og la seg teste ved symptom.

Med ønskje om ei god helg

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 24.11.2021

Smitte i Balestrand

Kjære foreldre og føresette

 Balestrand opplever no eit utbrot av koronasmitte. I samanheng med dette er det ein internatelev hjå oss som har testa positivt tysdag kveld. Eleven er sett i isolasjon og vert følgt opp.

Alle nærkontaktar har testa negativt tysdag kveld. Dei vil bli testa igjen torsdag og fredag. Elevane kan difor gå på skulen som vanleg.

Det er grunn til å tru at vaksinasjon har begrensa smittespreiing på Sygna. Dette gjer at vi håpar dette kan stoppe med den eine som er smitta - sjølv om vi sjølvsagt ikkje kan vite dette. 

Alle vurderinger skjer i nært samarbeid med smittevernlegen i Sogndal kommune.

 mvh

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 05.10.2021

Kjære foreldre og føresette

Laurdag 30. oktober inviterer vi alle foreldre og føresette til foreldredag på Sygna. Vi er glade for å kunne invitere dykk til skulen på normal måte igjen og håpar mange har høve til å kome. Vanlegvis er det mange foreldre som ønskjer samtale med kontaktlærar og/eller faglærar og mykje av dagen vert brukt til slike samtalar. Program for dagen ligg ved denne e-posten.

Tiltaka knytt til pandemien er no så og seie avslutta. Det som står att no er at vi skal vere nøye med handvask og at ein skal vere heime/på rommet dersom ein har symptom.

Vi er glade for at vi har klart oss så bra gjennom pandemien på Sygna. Takk til både elevar og dykk foreldre som på kvar dykkar måte har bidrege til at dette har gått bra!

Med avslutta tiltak vert og det mellombelse nasjonale unntaket frå fråværsreglane avslutta. Vi går difor tilbake til reglane som gjaldt før pandemien der ein må ha legeerklæring (ev. tannlege, psykolog el.l) viss ein skal få dokumentert fråvær. Fråværsgrensa i fag er 10%. Det betyr at ein mister karakteren i eit fag der ein har meir enn 10% udokumentert fråvær. Elevane og føresette til elevar under 18 år får skriftleg varsel ved ca 5% udokumentert fråvær.

Det kan vere ein fordel å ha fastlege i Balestrand – ikkje minst med tanke på fråværsgrensa. Ev. byte av fastlege kan ein gjere på helsenorge.no https://tjenester.helsenorge.no/bytte-fastlege?

Vi får nokre spørsmål knytt til utanlandsekskursjonar. Sygna har tradisjon for – og ønskjer å halde fram med – utanlandsekskursjonar. Rett før pandemien la vi om organiseringa, slik at det no er klassane i Vg2 som reiser på dei ulike turane (på idrett reiser Vg1 og Vg2 saman – annakvart år).

Førre skuleår måtte vi avlyse alle ekskursjonar til utlandet. Den gongen var det ei kjedeleg, men ganske enkel avgjerd.  Dette året håpar vi å kunne gjennomføre ekskursjonar, men det er ganske mange problemstillingar som må takast omsyn til. Det er m.a. sannsynleg at nokre av reisemåla må endrast. Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.

Venleg helsing

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 11.09.2021

Eitt smittetilfelle på Sygna

Vi har i kveld (laurdag) fått stadfesta ein positiv koronatest på Sygna. Eleven har vore i karantene sidan fredag – midt på dagen og er isolert sidan prøvesvaret var klart. Dette er altså eit enkeltståande smittetilfelle – ikkje eit utbrot. Det er kjent smitteveg og smitten har ikkje oppstått på Sygna/i Balestrand.

Vi har følgt råda og pålegga frå smittevernlegen:

Elevane på same internat (internat 4) og i klassen (3ST og 3KDA)  - og som er på Sygna i helga har teke hurtigtest. Alle hurtigtestane er negative.

Ein einskild negativ hurtigtest garanterer ikkje at ein er smittefri, men sjansen for ev. å smitte andre er svært liten. For å sikre at ein fangar opp ev. smitte som utviklar seg, vert det ny testing av elevane i 3ST, 3KDA og internat 4 måndag og onsdag.

Til elevar i 3ST, 3KDA og på internat 4 som ikkje er på Sygna denne helga: Dersom ein har enkel tilgang til ein hurtigtest tilrår vi at ein tek ein slik. For dei fleste er ikkje dette tilgjengeleg. Då gjeld det at ein er merksam på symptom og tek kontakt med helsevesenet dersom det oppstår symptom. For elevar i 3ST, 3KDA og på internat 4 som kjem tilbake til Sygna i morgon (søndag) vil ein få tilbod om å ta hurtigtest. Ta kontakt med tilsyn.

Framover vil det vere dette som gjeld – dersom ein ikkje får fleire positive testar:

1.       Vi hurtigtestar aktuelle klassar og internat

2.       Alle med symptom skal halde seg på rommet/heime til det er avklara om ein er smitta

3.       Vi må vere ekstra flinke til å halde avstand, vaske/sprite hender

4.       Vi gjennomfører ikkje morgonsamling tysdag og fredag komande veke

5.       Elles vil skuledagen gå som normalt – også dei aller fleste ettermiddagsaktivitetane

Strategien er altså testing – og skulen vert ikkje stengt på grunn av dette eine tilfellet.

 

Mvh

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 01.09.2021

Kjære foreldre og føresette

Her kjem litt oppdatert informasjon om vaksinasjonstilbodet elevar på Sygna no får frå Sogndal kommune/Balestrand legekontor.

Vaksinasjonen av elevar fødde i 2003 eller tidlegare er godt i gang.

Balestrand legekontor planlegg no for vaksinasjon av elevar i vidaregåande skule som er fødde etter 2003. Det vil sei at alle våre elevar vil få tilbod om vaksinasjon.

Personar som har fylt 16 år er helserettsleg myndige og bestemmer difor sjølve om dei ønskjer å vaksinere seg. Vi har informert elevane om dette, men har og oppfordra til god dialog med dykk heime.

For elevar under 16 år må dei som har foreldreansvar (begge foreldre) samtykke til vaksinasjon.

Samtykkeskjema finn ein her

Legekontoret ber Sygna ta inn samtykkeskjema og videreformidle desse til legekontoret. Vi ber difor om at desse vert sendt oss på e-post: sygna@sygna.vgs.no  eller i post: Sygnavegen 15, 6899 Balestrand. Elevar under 16 år vil ikkje få tilbod om vaksinasjon før legekontoret har fått samtykkeskjema.

Legekontoret planlegg oppstart av vaksinasjon for elevar fødde etter 2003 frå midten av september.

Elles er det spennande tider med aukande smitte blant ungdom rundt om i landet. Strategien pr. no er testing av elevar som har symptom. Vi merkar at det er ein del elevar som har forkjølingssymptom – så det er ein god del testing for tida. Dei som vert testa må vere i karantene til dei har fått svar på prøven. Som regel går det eit par dagar. Vi har informert elevane om at det er svært viktig å halde karantenen. Både dei som ventar på prøvesvar og vener som har lyst å besøke den som sit i karantene må vere flinke til å respektere dette. Her er det flott om de som er foreldre og føresette er med og oppmuntrar dykkar ungdom.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål (det er ikkje meininga å sende e-postar så ofte, men informasjonen om vaksinasjonen syntest vi var viktig å få ut).

 

Venleg helsing

Frode Bøthun
rektor

E-post sendt 26.08.2021

Kjære foreldre og føresette

Vi er snart ferdige med andre skuleveke og dagane byrjar å få betre og betre struktur for både elevar og tilsette. Vi er veldig glade for at vi fekk ha ei opningssamling med Vg1 og Vg2 dette året – takk til alle som deltok og gjorde opningshelga så flott.

Førebels ser det ut til at vi får halde fram med tilnærma vanlege skuledagar og med aktivitetar om ettermiddagane og i helgar. Elevar som er fødde i 2003 eller tidlegare har fått – eller kjem til å få tilbod om vaksinasjon i Balestrand. Etter kvart vil truleg det same tilbodet bli gitt til elevar fødde i 2004 og 2005. Vi er spente på kva tid 16- og 17-åringane får tilbod – det kan kome til å bety mykje for korleis skuleåret utviklar seg.

Det er pr. no 182 elevar på Sygna. Dette er 20 fleire enn ved oppstart i fjor og gjer at nokre undervisningsgrupper er større enn venta. To-tre grupper i Vg1 er større enn det vi meiner er forsvarleg. Vi jobbar no med nokre justeringar slik at alle undervisningsgruppene skal ha ein forsvarleg storleik. Dette skal vere på plass i løpet av veka – seinast i byrjinga av komande veke.

Visma InSchool er det skuleadministrative systemet på Sygna. Her vert elevane sitt fråvær, ordensmerknader og vurderingar lagt ut. Elevane har tilgang til dette. Dersom foreldre til elevar under 18 år ønskjer tilgang, må vi ha tilgang til personnummeret dykkar. Fyll ut vedlagde skjema og send til skulen (fylkeskommunale skular får tilgang til foreldre sitt personnummer gjennom folkeregisteret, men som friskule får vi ikkje denne tilgangen og må gjere det på denne måten). Du kan sende skjema på e-post: sygna@sygna.vgs.no (dersom du ønskjer å sende personnummer på e-post), eller i post: Sygnavegen 15, 6899 Balestrand. Skjema kan og hentast på Sygna si heimeside under fana «Foreldre».

På den same sida kan du og sjå utdrag av Sygna sin plan for det psykososiale miljøet på skulen. Denne planen seier noko om det planmessige arbeidet skulen driv på dette området – og om kva rettar elevar og foreldre har dersom ein meiner at elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du finn og varslingsskjema du skal nytte dersom du ønskjer å melde frå om dette. Både planen og varslingsskjema ligg og ved denne e-posten.

På heimesida vil du og finne kontaktinformasjon til foreldreutvalet. Dette er ikkje på plass endå – men vi håpar å ha eit fungerande foreldreutval i løpet av kort tid. Viss du er interessert i å sitje i eit slikt utval – ta kontakt. Vi treng ein forelder frå kvart trinn (Vg1, Vg2 og Vg3), der ein er forelder til ein heimebuar.

Faktura for betaling av skulepengar og ev. internatpengar for august er sendt på e-post. Vi minner om at denne må betalast «manuelt» og at ev. AvtaleGiro kan opprettast frå og med septemberfakturaen (desse to fakturaene kjem ganske tett). Ein betalar for ti månader – august til mai. De som hadde elevar på Sygna i fjor og som allereie har AvtaleGiro treng ikkje teikne ny avtale – den vil gjelde frå og med september-giroen. For dykk som ikkje har slik avtale kan det vere eit godt tips å teikne ein slik avtale med banken. Trekket vert då den 16. i kvar månad. Unntaket er altså august, som ikkje vert trekt gjennom AvtaleGiro.

Når du ringer til Sygna no er det administrasjonsleiar Anne Margrethe Kråvik som tek telefonen. Frå 6. september har vi skulesekretær på plass – så då er det Sigrid Helene Bøgeberg som møter deg i telefonen.  

Viss du ønskjer å følgje med på dagleglivet her på Sygna, så er nok det beste tipset å vere innom sygna.no med jamne mellomrom i tillegg til å like Sygna vgs på facebook og følgje sygnavgs på Instagram.

Så ønskjer vi deg ein god dag vidare – og håpar du er nøgd med å ha sendt din ungdom til Sygna!

Venleg helsing

Frode Bøthun
rektor